torsdag 21. november 2013


Juleavslutning 28. november på Comfort Hotel

Krokane Sanitetslag har innvitert dei andre sanitetslaga i kommunen. I tillegg nokre fleire som har pleid å vere med oss på dette årlege arrangementet vårt.
Håper mange vil melde seg og vere med. Festkomiteen har jobba godt ei stund, så dette gler vi oss til.
Velkomne skal de vere.

Helsing Solfrid

mandag 28. oktober 2013

Medlemsmøte torsdag 31. oktober

På møte torsdag vil vi få høyre referat frå dei som har vore på møte og høyrt om framtidas samarbeid mellom kommune og frivillige lag.
I tillegg må vi ha ei oppsummering angåande gevinstar til basaren, og elles at alt anna og er i boks.

søndag 6. oktober 2013

Medlemsmøte

Torsdag den 10. oktober får vi besøk av Eli Pedersen
Ho er kreftsjukepleier, og vil snakke om kreft.
Dette er noko som rammer stadig fleire av oss, og skulle difor vere interresant for dei fleste.
Det vil verte høve til å stille spørsmål.
Håper mange har høve til å møte denne kvelden.

mandag 9. september 2013

Moteoppvisning

                   
Sundag 22. september kl. 17.00 på Samfunnshuset

Sissels Mote vil vise nytt for hausten, og i tillegg vil MX-Sport vise trenings/fritidstøy- og utstyr for heile familien.
Minste modellen deira er knappe to år. Dette vert spennande.

Mannskoret Gammen vil synge.
Det vert pause med frukt og kaffe.
Inngangspenger er kr. 100.- . Under 15 år gratis.
Det vert trekning på billetten med fine gevinster frå dei to butikkane, pluss litt til.

Inntekta denne dagen skal gå til innkjøp av kjølehettemaskin til kreftavdelinga på sjukehuset i Førde. Det er ei maskin som vil redusere/hindre håravfall ved cellegiftbehandling.

Vi ønsker alle velkommen til ein koseleg ettermiddag på samfunnshuset, og vi håper mange vil komme og støtte saka.

torsdag 29. august 2013

Aktivitet

Viktige endringer for dametrimmen

Frå og med mandag 16. september vert treningstida
mandagane kl. 19.oo
Onsdags-tidene som før, kl. 18.30

Hei damer

No starter trimmen oppatt.
Første treningsdag er onsdag 11. september.
Treningstider vert som før mandag og onsdag, begge dager
kl. 18.30 i gymsalen på Krokane skule.

Vi ønsker vel møtt til ein ny treningshaust, og håper mange vil nytte dette gode tilbodet.

Er du medlem i Krokane Sanitetslag er treningsavgifta kr. 300.00,
er du ikkje medlem kostar det 350.00

søndag 18. august 2013

No starter vi opp igjen



Torsdag 29. august vert første medlemsmøte vårt denne hausten.
Vi møtest på Soltua kl. 19.00, der er alle hjarteleg velkomne, både gamle og nye medlemmer.
Vi er stadig interreserte i å få fleire med oss i arbeidet for dei mange gode sakene.