Om oss


Oppstarten til Krokane Sanitetslag var litt spesiell.
Berre   høyr:
I 1982 arbeidde det såkalla "Krokaneprosjektet" med å
få ein sårt tiltrengt fritidsheim i genda. Ein søknad om pengestøtte vart sendt til N.K.S. sentralt. Støtte vart
løyvd, men vilkåra var at det vart stifta ein
ny sanitetsforening i grenda. Dei unge mødrene tok
utfordringa på strak arm, og Krokane Yngre Sanitet,
som laget heitte i seks år, såg brått dagens lys.
Og ikkje nok med det:
Laget forplikta seg til å støtte Fritidsheimen
med ein årleg sum på 10 000 kroner.
Mykje pengar den gongen, men det gjekk bra, og vi held
fram med støtta til kommunen overtok drifta fullt og
heilt, og fritidsheimen vart det som vi i dag kjenner som SFO.

Då vi vart fritekne frå det årlege store bidraget, fekk vi
større spelerom, og har støtta mange andre gode tiltak i
nærmiljøet.
Kan her nevne nokre:
Opparbeiding/utstyr av leikeplasser.
Motorverkstaden på Krokane, eit viktig tiltak for
ungdom i mange år.
Institusjonane våre med sårt tiltrengt utstyr.
Revmatismebassenget på Havhesten med til saman
100 000 kroner.
Då krisesenteret flytta i nytt hus for eit par år sidan,
fekk dei 75 000 kroner til møblering og utstyr til eit
aktivitetsrom for barn og unge.
Støtte til ferie/fritidstilbod til vanskelegstilte barn og
unge i kommunen, dette har vi gjeve gjennom sosialkontoret.
Alle nyfødde får ein badehandduk, det vert utdelt
gjennom helsestasjonen.

Vi gjev i dag årleg opp mot 100 000 kroner, det meste i nærmiljøet, men også til NKS sine fond sentralt, så som:
  •    Barn og unge
  •    Kvinnemedisinsk forskning
  •    Revmatismefondet
  •    Kreftfondet
  •    Osteoporose
I 2012 signerte vi ein omsorgberedskapsavtale med Flora kommune. Det inneber at vi i ein eventuell krisesituasjon skal kunne stille med hus, mat og omsorg.

Dametrimmen på Krokane er det no Krokane Sanitet som driftar.

Då Florø Drill starta opp i 2010, sydde vi alle skjørta deira. Det vil sei, 32 stk. Ein stor jobb for oss, men det skulle vise seg å vere starten på eit fruktbart samarbeid.
Dei underheld for oss på våre arrangement når vi måtte ønske det, og dei sel fastelavensris for oss, og får betalt for kvart ris dei sel. Med andre ord: Ein vinn-vinn-situasjon.

I 2012 arrangerte vi, saman med folkehelsekoordinatoren i kommunen, livsstilforedrag med den kjende overlege, livsnyter og seksbarnsmor Berit Nordstrand.
Dette samla ca. 350 menneske i Samfunnshuset.
Vi tek og på oss å arrangere minnestunder i samband med gravferder. Til dette brukar vi saniteten sitt hus Soltua.

Inntekta vår får vi hovedsakleg frå den årvisse basaren vår, og salg av fastelavensris.

Satsningsområde framover er:
  •      Kvinner og kvinners livsvilkår
  •      Eldre
  •      Barn og unge
Kvart år har vi  Vårfest for bebuarane på sjukeheimen.
Mannekengoppvisning i samareid med lokale forretningar i byen, har vi og hatt.

Medlemstalet i dag er 174 medlemmer, der mellom 20 og 30 er aktive.
Krokane Sanitet har medlemsmøte kvar 14.dag, desse har ulikt innhald. Det kan vere temamøte, førebuing til basar eller produksjon av fastelavensris.
Vi har møta på Soltua, Gaddevåggata 4.
Du treng ikkje bu på Krokane for å vere medlem.

Synest du dette verkar innterresant? så berre ta kontakt. Vi er alltid glade for nye medlemmer.
       
       
           

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar