mandag 9. september 2013

Moteoppvisning

                   
Sundag 22. september kl. 17.00 på Samfunnshuset

Sissels Mote vil vise nytt for hausten, og i tillegg vil MX-Sport vise trenings/fritidstøy- og utstyr for heile familien.
Minste modellen deira er knappe to år. Dette vert spennande.

Mannskoret Gammen vil synge.
Det vert pause med frukt og kaffe.
Inngangspenger er kr. 100.- . Under 15 år gratis.
Det vert trekning på billetten med fine gevinster frå dei to butikkane, pluss litt til.

Inntekta denne dagen skal gå til innkjøp av kjølehettemaskin til kreftavdelinga på sjukehuset i Førde. Det er ei maskin som vil redusere/hindre håravfall ved cellegiftbehandling.

Vi ønsker alle velkommen til ein koseleg ettermiddag på samfunnshuset, og vi håper mange vil komme og støtte saka.