onsdag 18. juni 2014

Hei sanitetsdamer

No er vi kommen langt ut i juni, og vi har avslutta lagsarbeidet for denne sesongen. Vi avslutta med ein kjempefin tur til Bulandet siste helga i mai. Tusen takk til Unni, det var ei koseleg og avslappande helg.
Og tusen takk til dei som var med og hjelpte til i samfunnshuset i samband med foredraget til Berit Nordstrand. Det viser seg atter ein gong, medlemmene stiller alltid opp når det trengs.
Med dette takker eg for eit godt arbeidsår i lag med flotte folk, og eg ynskjer alle ein nydeleg sommer, og vel møtt til ny dyst til hausten. Vi starter opp att 28. august.

Med ynskje om ein     GOD SOMMER    frå Solfrid



fredag 6. juni 2014


Viktig melding til sanitetsdamene.

NKS sentralt arrangerer NKS-dager 2o.-21.september. Men  påmeldingsfristen er allerede om ei knapp veke. Det betyr at dei som kan tenkje seg å reise må ta kontakt med meg innen 10. juni. Vi snakka om dette på siste møte, men det var jo ein del som ikkje var der. Lillian og Ann Helen kan tenkje seg å reise, men det hadde vore fint med nokre til. Om det er mange som har lyst, kanskje vi kan ha ei eigenandel slik at flest muleg får reise. Men i allfall, ta kontakt med meg dei som kan tenkje seg dette. Mi erfaring er at dette er veldig kjekke og lærerike dager. Så bli med.

Med vennleg helsing

Solfrid

mandag 2. juni 2014

Trimmen

Det har vore dårleg frammøte på trimkveldane våre i det siste, ja så dårleg at det har vorte avlysinger nokre gonger. Truleg er det det fine været som frister folk til å nyte kveldane ute. På grunn av dette har vi teke avgjerd om å avslutte treningane for sesongen. Men vi er sjølvsagt tilbake til hausten.

Så ynskjer vi alle ein riktig GOD SOMMER, og Velkommen tilbake til hausten.