torsdag 1. oktober 2015

Dametrimmen på Krokane Skule.
Pga haustferie i veke 41, blir det ikkje trening mandag 05.10. og onsdag 07.10.

torsdag 3. september 2015

Dametrimmen på Krokane Skule.
Vi startar opp igjen onsdag 09.09.15 kl. 1830.
Trimmen blir som før mandager kl. 1900 og onsdager kl. 1830.
NB - mandag 21.09.15 blir det ikkje trim pga. at skulen skal bruke gymsalen.

søndag 23. august 2015

Hausten 2015.

Vi starter med første medlemsmøtet torsdag 27.08.15 kl. 1900 på Soltua.
Vel møtt !

Dametrimmen på Krokane Skule startar 2. el. 7. september, vi kjem tilbake med dato og tid.


fredag 29. mai 2015

Dametrimmen på Krokane Skule hadde siste trening onsdag 27.05.15. Det har vore litt tynt i rekkene i det siste, så derfor valgte vi å avslutte for sesongen.
Vi startar på igjen med ny frisk i månadsskiftet august/september.
God sommar :-)

tirsdag 17. mars 2015

19.03.15 Temamøte.
Vilde M.Ulsten/4H Florø fortel om studieturen til Gambia.

søndag 8. mars 2015

Det vert ikkje trim onsdag 11.3. pga. at skulen sjølv skal bruke gymsalen.

onsdag 4. mars 2015

Kvinnedagen 8. mars.
Vi inviterer til feiring av kvinnedagen på Flora Samfunnshus kl. 1800.
Kåseri ved Ole Johannes Øvretveit, "Alvor og skjemt".
Underholdning ved mannskoret Gammen.
Salg av kaffi og kaker. Loddsalg. Inngang kr 100,-, trekning på billetten.
Dette er ope for alle, også for menn.
Vi ønsker å markere Kvinnedagen på ein annleis og uformell måte.
Velkommen !

søndag 15. februar 2015



På torsdag 19. febr. er det årsmøte. Då vil laget få besøk av fylkesleiaren vår, Dagrun Digranes.
Ho vil fortelje litt frå sentralt hald, og ho vil snakke litt om omsorgsberedskap/kvinnehelse-komitearbeid på fylkesplan.
Vi gler oss til å få høyre nytt.
Vi helsar både ho og alle medlemmer velkommen til årsmøte.

torsdag 12. februar 2015

fredag 23. januar 2015

Stor takk damer!
Torsdag vart ein fantastisk flott kveld. Krokane Sanitetslag var samla på Soltua til
fjøyring av fastelavensrisa. Ein stor og entusiastisk gjeng var samla. Med godt humør og svelene til Ann Helen gjekk arbeidet som ein røyk. Og alle risa blei ferdig før kvelden var omme.
Tusen hjarteleg takk til alle som var med. Dette var berre fantastisk!

Solfrid

torsdag 15. januar 2015

Gladmelding.

Slik det står i programmet vårt, skal det vere fastelavensris-produksjon i Krokaveien førstkommende lørdag og sundag.
Dette er ikkje nødvendig: Vi er ferdig å bunte så mykje som vi har planlagt å lage.
 Er ikkje det flott vel?  Ein fantastisk innsats. Tusen takk til dei som var med!

Men torsdag 22.jan.skal vi fjøyre på Soltua. Då vert det laga klart med ris og fjøyr, slik at folk kan komme frå kl. 17.30 og utover. Fint om flest mogleg kan komme litt tidleg, slik at vi får gjort det meste denne dagen. Vel møtt til ein triveleg kveld.

Helsing Solfrid

mandag 12. januar 2015

Dametrimmen.

Då er vi klare for eit nytt treningsår med gode instruktørar. Vi held framleis til i gymsalen på Krokane Skule.
Treningstidene er som før:  Mandager kl. 19.00 og Onsdager kl. 18.30.
Vi ønsker vel møtt til alle dei som har vore med før, og til nye som har lyst å bli med. Det er berre å møte opp.
Treningsavgifta er den samme som før: Kr.400.- for ikkje-medlemmer, og kr.350.- for dei som er medlem i Krokane Sanitet.

Første treningsøkt er onsdag 14. jan. kl.18.30.

lørdag 10. januar 2015

Hei damer.

Då er vi alt godt i gang med å bunte fastelavensris. Vi var nokre som hadde ei god økt i garasjen til Anne Sofie og Rolf i dag. Økta blei avslutta med kaffeservering i hytta i hagen. Tusen takk! Kjempeflott! Håper at det er nokre fleire som har anledning i morgon. Har tenkt frå kl. 12.00 og litt utover. Men garasjen er open, så om det er ei anna tid som passer beire er det berre å gå når ein vil. Anne Sofie har sagt vi kan komme og gå etter som det måtte passe. Lunt og godt var det å stå inne, så ingen grunn til å kvi seg.