mandag 29. desember 2014

Oppstart 2015

Hei sanitetsdamer.

Godt nytt år til alle!

Vi starter opp igjen 8. januar med første møtet vårt.

Alt laurdag den 10. må vi nok begynne med fastelavensrisa. Fastelavenssundag er den 15. februar i år, så vi har ikkje så lang tid på oss. Men dette går nok bra. Har trua!

Risa lagar vi i garasjen til Anne Sofie og Rolf Endestad, som vanleg.

onsdag 27. august 2014

Hallo trimdamer.

No er vi snart klare for ein ny treningssesong igjen.

Onsdag 03.september kl.18.30 starter vi opp att i gymsalen på Krokane Skule

Treningstidene i år  vert slik:  Mandag kl. 19.00
                                                 Onsdag kl.  18.30

Då ynskjer vi velkommen, både dei som har vore med oss før, og nye som har lyst å begynne, til ein ny haust med mykje god trening.

Vi sjåast på onsdag den 3. september

fredag 8. august 2014

Hei alle sammen.

Då er ein fantastisk sommer på hell, og det er tid for å tenkje på haustens lagsaktiviteter.
Frå fylkeslaget har vi fått innvitasjon til: 
Hagefest på Soltua sundag 31. august kl. 13.00.
Der vert det servert sommermat og drikke. Det vert også åresal.
Påmelding innen 25. august.

Elles starter vi med medlemsmøte den 28.august på Soltua kl.19.00, og vi helsar vel møtt til alle, både gamle og nye medlemmer. Vi ser fram til ein triveleg haust i lag.
Dametrimmen kjem i gang kring månedskifte august/sept. Vi kjem tilbake til dato seinare.

Med helsing Solfrid

onsdag 18. juni 2014

Hei sanitetsdamer

No er vi kommen langt ut i juni, og vi har avslutta lagsarbeidet for denne sesongen. Vi avslutta med ein kjempefin tur til Bulandet siste helga i mai. Tusen takk til Unni, det var ei koseleg og avslappande helg.
Og tusen takk til dei som var med og hjelpte til i samfunnshuset i samband med foredraget til Berit Nordstrand. Det viser seg atter ein gong, medlemmene stiller alltid opp når det trengs.
Med dette takker eg for eit godt arbeidsår i lag med flotte folk, og eg ynskjer alle ein nydeleg sommer, og vel møtt til ny dyst til hausten. Vi starter opp att 28. august.

Med ynskje om ein     GOD SOMMER    frå Solfrid



fredag 6. juni 2014


Viktig melding til sanitetsdamene.

NKS sentralt arrangerer NKS-dager 2o.-21.september. Men  påmeldingsfristen er allerede om ei knapp veke. Det betyr at dei som kan tenkje seg å reise må ta kontakt med meg innen 10. juni. Vi snakka om dette på siste møte, men det var jo ein del som ikkje var der. Lillian og Ann Helen kan tenkje seg å reise, men det hadde vore fint med nokre til. Om det er mange som har lyst, kanskje vi kan ha ei eigenandel slik at flest muleg får reise. Men i allfall, ta kontakt med meg dei som kan tenkje seg dette. Mi erfaring er at dette er veldig kjekke og lærerike dager. Så bli med.

Med vennleg helsing

Solfrid

mandag 2. juni 2014

Trimmen

Det har vore dårleg frammøte på trimkveldane våre i det siste, ja så dårleg at det har vorte avlysinger nokre gonger. Truleg er det det fine været som frister folk til å nyte kveldane ute. På grunn av dette har vi teke avgjerd om å avslutte treningane for sesongen. Men vi er sjølvsagt tilbake til hausten.

Så ynskjer vi alle ein riktig GOD SOMMER, og Velkommen tilbake til hausten.

fredag 23. mai 2014

Vi reiser på tur til Bulandet.

Minner om at dei som har meldt seg på turen 31. mai, møter på kaia i Florø kl.08.30. 
Vi reiser til Askvoll og tek ferja derfra til Bulandet.  
Ta med sengetrekk og godt humør. Unni handler mat til oss.
Trur dette blir ein fin tur, og ein fin avslutning på arbeidsåret.
Eg gler meg iallfall.

Solfrid

tirsdag 20. mai 2014

Hei sanitetsdamer

Takk til alle som stilte opp og gjekk i tog under fana vår på 17.mai. Det vart ein flott dag.

No nærmer ferien seg, og torsdag den 22. skal vi ha vårens siste medlemsmøte på Soltua.
Håper mange kan komme då. Det blir og tur til Bulandet/Værlandet neste helg. Møt opp, så kan vi snakke om dette og andre aktiviteter som blir framover.

   Solfrid



torsdag 15. mai 2014


Hei folkens

Krokane Sanitetslag oppfordrer alle som kan til å stille opp å gå i 17.mai-tog under fana vår i år.
Ein kan møte opp på Helsehuset i Markegata kl. halv fire, eller ved barneskulen kl. kvart-på-fire.

Hipp, hipp, hurrrraa!

torsdag 8. mai 2014

                    17. mai

Då nærmer grunnlovsdagen seg, og i år prøver vi oss med å gå i tog. Det er lenge sidan sist, og vi må ta fana vår i bruk igjen. Tysdag 13. mai kl. 18.00, møtest vi heime hos Torill Torvanger og lager plakater/paroler med slagord og saniteten sine merkesaker som vi tek med oss i toget.

Eg oppmoder alle som kan til å støtte opp om dette tiltaket.

Solfrid



            17. mai

Då nærmer 17. mai seg med stormskritt, og i år må vi prøve å stille i borgertoget. Vi har ei flott fane som vi må ta i bruk att. Lenge sidan vi har brukt ho. Tysdag den 13. mai kl. 18.00, møtest vi heime hos Torill Torvanger  i Furehaugane. Då lager vi plakater med saniteten sine merkesaker på, og som vi ber med oss i toget. Håper mange kan møte då, og ikkje minst på sjølvaste grunnlovsdagen under fana vår.

Eg oppfordrar alle som kan til å vere med!

torsdag 6. mars 2014

Temakveld med Anne Merete Ødven

Onsdag 13. mars får Krokane Sanitetslag besøk av tenesteleier for tiltaksteamet i Flora kommune, Anne Merete Ødven. Tiltaksteamet er ei ny teneste som er under utvikling.
Bl. a. ligg kommunens psykiatriteneste under denne.
Kanskje kan vi drøfte eit muleg samarbeid mellom Saniteten, som frivillig organisasjon, og  tiltaksteamet.
Vi gleder oss iallfall til onsdag, og å høyre om hennar arbeid.

Velkommen til alle.

søndag 2. mars 2014

Hallo trimdamer

Onsdag 5. mars vert det ingen trim.
Det beklager vi,  men den dagen skal skulen sjølv bruke gymsalen.

tirsdag 18. februar 2014

Viktig melding

No lakker vi golv på Soltua, så møtet torsdag 20. februar vert i Helsehuset (Florø Sanitet sitt hus).     Og alle er velkommen dit.
Neste torsdag når vi skal ha årsmøte, er det som vanleg Soltua som er staden.

Helsing Solfrid

søndag 16. februar 2014


Dametrimmen

Vinterferie i veke 8.
For oss trimdamer betyr det at gymsalen på skulen er stengt, og dermed ein pause for trimmen og.
Så folkens, den 17. og 19. februar vert det ingen trim, men vi er tilbake i veke 9. 
Treningstidene er som før: mandag kl. 19.00. og onsdag kl. 18.30.
Ha ei fin veke med eigentrim.


Helsing Solfrid

torsdag 6. februar 2014


Hei alle i Krokane Sanitet

Då er årets fastelavensproduksjon unnagjort. Er det ikkje flott vel?
Tusen takk til dei som har vore med å bunta og/eller fjøyra. Det har vore ein innponerande innsats!
Og det betyr at vi ikkje treng møte i garasjen til Anne Sofie ¨på laurdag slik planane var, og heller ikkje fleire møte med fjøyring. Kjempebra. Godt jobba.

Helsing Solfrid

tirsdag 4. februar 2014

Hei sanitetsdamer

PÅ torsdag er det klart for fjøyring av ris. Alle som kan må møte på Soltua kl. 18.00.
Då er ris og fjøyr på plass, slik at det er klart til å begynne fjøyringa. Vi skal sitte varmt og godt, og som vanleg serverer matkomiteen  noko godt å bite i.
Håper at riktig mange har høve til å komme.

Helsing Solfrid

lørdag 18. januar 2014

                         Hei sanitetsdamer

Fastelaven står for døra, og vi skal lage fastelavensris.

Vi er heldige og får stå i garasjen til Rolf og Anne Sofie. Rolf har vore på skogen og hogge tre, og han har klipt av greinene og lagt dei fint opp i garasjen, og det er jo supert. Det er planlagt fellesdugnad på lørdag 1. februar kl. 12.00. Dersom det ikkje passer er det fint om du kan komme ein annen dag. Det er berre og møte opp når det passer, og du kan berre gå inn i garasjen om ikkje Anne Sofie er der.
Saks til å klippe ris med må du ta med sjølv, poser og gummistrikk ligg der. Avtal gjerne med nokon andre, det er alltid kjekt å vere fleire i lag. Veit at det er nokre som møter
onsdag 29. jan. kl. 12.00, så møt gjerne opp då om det passer.

Heling  Solfrid


Hei alle sanitetsdamer, og andre interreserte .

 Vil minne om at på torsdag 23. januar, får vi besøk av Elisabeth Eide Avsnes og ei dame til frå Høyanger. Elisabeth er leiar i Høyanger Unge Sanitet. Elisabeth er ei dame full av energi og gode idear. Vi har invitert henne for å få innspirasjon, og kanskje nokre nye idear og tanker.
Håper at vi kanskje kan få med oss nye, og kanskje og nokre unge damer til dette møtet. Det hadde vore veldig bra.
Så hugs å innvitere med nokon du kjenner.

Alle er velkomne, det er ingen forpliktelser.

torsdag 2. januar 2014


Viktig melding ang. Dametrimmen

Mandag 20. januar blir det diverre ikkje trim.
Krokane skule skal bruke gymsalen sjølv.
Men ikkje fortvil, onsdagen er vi i gang igjen.


Dametrimmen

Så er det klart: Trimmen starter oppatt  mandag 13. januar kl. 19.00.
Treningstidene for kommende sesong vert dei samme som før:
mandager kl. 19.00 og onsdag kl. 18.30
Velkommen både gamle og nye treningslystne damer.



Godt Nytt År

Håper alle har hatt ei fin jule-og-nyttårsfeiring.
Vi er alt nokre dagar inn i et nye året 2014, og snart er Saniteten i gang med aktivitetane sine igjen.
Torsdag den 9. januar starter vi med medlemsmøte.
Då vil programmet for våren bli lagt fram. Alt på møte den 23. januar vil vi få besøk frå Høyanger unge forening. Trur det vert spennande å høyre frå ei ny og ung forening korleis dei arbeider. Så møt opp folkens.
Elles vil vi komme tilbake med opplysningar om kva tid dametrimmen på Krokane starter opp igjen.
Så vil eg ynskje alle vel møtt til eit nytt arbeidsår, og nye utfordringer.

Nyttårshelsing frå Solfrid