lørdag 18. januar 2014

                         Hei sanitetsdamer

Fastelaven står for døra, og vi skal lage fastelavensris.

Vi er heldige og får stå i garasjen til Rolf og Anne Sofie. Rolf har vore på skogen og hogge tre, og han har klipt av greinene og lagt dei fint opp i garasjen, og det er jo supert. Det er planlagt fellesdugnad på lørdag 1. februar kl. 12.00. Dersom det ikkje passer er det fint om du kan komme ein annen dag. Det er berre og møte opp når det passer, og du kan berre gå inn i garasjen om ikkje Anne Sofie er der.
Saks til å klippe ris med må du ta med sjølv, poser og gummistrikk ligg der. Avtal gjerne med nokon andre, det er alltid kjekt å vere fleire i lag. Veit at det er nokre som møter
onsdag 29. jan. kl. 12.00, så møt gjerne opp då om det passer.

Heling  Solfrid


Hei alle sanitetsdamer, og andre interreserte .

 Vil minne om at på torsdag 23. januar, får vi besøk av Elisabeth Eide Avsnes og ei dame til frå Høyanger. Elisabeth er leiar i Høyanger Unge Sanitet. Elisabeth er ei dame full av energi og gode idear. Vi har invitert henne for å få innspirasjon, og kanskje nokre nye idear og tanker.
Håper at vi kanskje kan få med oss nye, og kanskje og nokre unge damer til dette møtet. Det hadde vore veldig bra.
Så hugs å innvitere med nokon du kjenner.

Alle er velkomne, det er ingen forpliktelser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar