lørdag 18. januar 2014

                         Hei sanitetsdamer

Fastelaven står for døra, og vi skal lage fastelavensris.

Vi er heldige og får stå i garasjen til Rolf og Anne Sofie. Rolf har vore på skogen og hogge tre, og han har klipt av greinene og lagt dei fint opp i garasjen, og det er jo supert. Det er planlagt fellesdugnad på lørdag 1. februar kl. 12.00. Dersom det ikkje passer er det fint om du kan komme ein annen dag. Det er berre og møte opp når det passer, og du kan berre gå inn i garasjen om ikkje Anne Sofie er der.
Saks til å klippe ris med må du ta med sjølv, poser og gummistrikk ligg der. Avtal gjerne med nokon andre, det er alltid kjekt å vere fleire i lag. Veit at det er nokre som møter
onsdag 29. jan. kl. 12.00, så møt gjerne opp då om det passer.

Heling  Solfrid


Hei alle sanitetsdamer, og andre interreserte .

 Vil minne om at på torsdag 23. januar, får vi besøk av Elisabeth Eide Avsnes og ei dame til frå Høyanger. Elisabeth er leiar i Høyanger Unge Sanitet. Elisabeth er ei dame full av energi og gode idear. Vi har invitert henne for å få innspirasjon, og kanskje nokre nye idear og tanker.
Håper at vi kanskje kan få med oss nye, og kanskje og nokre unge damer til dette møtet. Det hadde vore veldig bra.
Så hugs å innvitere med nokon du kjenner.

Alle er velkomne, det er ingen forpliktelser.

torsdag 2. januar 2014


Viktig melding ang. Dametrimmen

Mandag 20. januar blir det diverre ikkje trim.
Krokane skule skal bruke gymsalen sjølv.
Men ikkje fortvil, onsdagen er vi i gang igjen.


Dametrimmen

Så er det klart: Trimmen starter oppatt  mandag 13. januar kl. 19.00.
Treningstidene for kommende sesong vert dei samme som før:
mandager kl. 19.00 og onsdag kl. 18.30
Velkommen både gamle og nye treningslystne damer.



Godt Nytt År

Håper alle har hatt ei fin jule-og-nyttårsfeiring.
Vi er alt nokre dagar inn i et nye året 2014, og snart er Saniteten i gang med aktivitetane sine igjen.
Torsdag den 9. januar starter vi med medlemsmøte.
Då vil programmet for våren bli lagt fram. Alt på møte den 23. januar vil vi få besøk frå Høyanger unge forening. Trur det vert spennande å høyre frå ei ny og ung forening korleis dei arbeider. Så møt opp folkens.
Elles vil vi komme tilbake med opplysningar om kva tid dametrimmen på Krokane starter opp igjen.
Så vil eg ynskje alle vel møtt til eit nytt arbeidsår, og nye utfordringer.

Nyttårshelsing frå Solfrid